onsdag 29. juni 2011

Stureterminalen og brev til departementet

Som kjent, m.a. frå media, har Statoil gåande ein prosess der ein ser på framtida til Stureterminalen. Årsaka er at felta som leverer olje til terminalen går inn ein slags avslutningsfase, spesielt Oseberg. Seinast innan 2014 må ein ha ei løysing for anlegget på Stura.


For kommunen og regionen er terminalen svært viktig. Ei avvikling av terminalen vil ha store negative samfunnsmessige konsekvensar, det gjeld kompetansearbeidsplassar, kjøp av varer og tenester og inntekter til kommunen. Dette er vår haldning som også er meddelt Statoil i samtaler.
Det er meir olje i havet og i nærområda til felta som i dag forsyner Stureterminalen med olje. Eg har teke dette opp med stortingsrepresentantar frå vårt fylke og politisk leiing i departementet, seinast no gjennom eit brev i går til Olje-og Enegidepartementet der eg minner om prosessen rundt Stureterminalen. Her er teksten i brevet:
_______________________________
Olje- og Energidepartementet
v/statssekretær Per Rune Henriksen
Postboks 8148 Dep.
0033 OSLO

FRAMTIDA FOR STURETERMINALEN I ØYGARDEN
Øygarden kommune er gjennom informasjon frå Statoil kjent med at det føregår eit arbeid der ein ser på framtida til Stureterminalen som følgje av redusert oljevolum frå felta som forsyner terminalen med olje. Anlegget mottek olje m.a. frå felta Oseberg og Grane.

Me har forståing for at Statoil og partnarane ser på framtida til anlegget på Sture men vil frå kommunen si side peika på den store positive samfunnsmessige påverknad eit slik anlegg har, lokalt og regionalt. Me vil som døme nemna kompetansearbeidsplassar, lærlingordning og kjøp av varar og tenester i stort omfang. Kommunen har og skatteinntekter frå anlegget.

Me registrerer informasjon om at det er meir olje i nærområda til felta som i dag forsyner Stureterminalen og meiner at dette må ha innverknad på avgjerdsprosessen.

Øygarden kommune ber departementet nøye følgja prosessen med omsyn til val av framtidige  løysingar for drift ved Stureterminalen og ber om forståing for at kommunen ikkje kan sjå behovet for å avvikla drifta ved anlegget dersom olje er tilgjengeleg. Ei eventuell avvikling av drifta vil ha store negative konsekvensar lokalt og regionalt.

Me ynskjer også ein dialog med departementet om framtida for Stureterminalen.

Vennleg helsing
Øygarden kommune

Olav Martin Vik
Ordførar