torsdag 21. juli 2011

Sjukefråværet i Øygarden kommune er omtrent halvert frå 2009

Sjukefråværet i Noreg har fått mykje fokus dei siste åra. Det kan oppfattast som negativt å fokusera for mykje på sjukdom i arbeidslivet. Sjukefråvær kan ha mange årsaker. Eg går ikkje nærare inn på det her. I offentleg sektor har sjukefråværet vore høgt.
Det er viktig å vera klar over at det offentlege produserer  tenester som vert utført av menneske i møte med andre menneske som forventar høg kvalitet og at det vert levert. Det er krevande. Me finn det same i tenesteytande verksemder i privat sektor.

Det er viktig å få bukt med arbeidsrelatert fråvær og leggja til retta for menneske som skal tilbake på jobb under eller etter sjukdom. Det krev mykje av arbeidsgjevar, eit ansvar me må ta.

I Øygarden kommune (som arbeidsgjevar) er sjukefråværet under 6 % i juni. Dette er lågare enn på same tid i fjor. I 2009 var snittet på over 10 %.

Det rare er at når det går bra, så stillnar fokuset frå alle som har fokus og spørsmål når tala er dårlege. Gode resultat fortener merksemd.

Eg gir ros til alle tilsette og alle som arbeider spesielt med arbeismiljø og nærvær i vår kommune.