onsdag 31. august 2011

Besøk på rådhuset

I dag tok eg i mot alle som går på vaksenopplæringa i Øygarden og som kjem frå utlandet. Ei rekkje nasjonar var representert under besøket på rådhuset vårt. Føremålet var å informera om kommunen, tenester og næringsliv. Det er ikkje enkelt å koma til eit nytt land. Språk, utdanning og mangel på tilbod om arbeid gjer det ikkje enkelt. Fleire har reist langt bort frå familie og vener. Det er ei utfordring å byggja nettverk og få nye vener. Eg håpar du kan hjelpa til med integreringa. Det er ikkje så mykje som skal til, litt prat over ein kopp kaffi eller gå ein tur saman.

Vaksenopplæringa har no flytta til gamle Toftøy skule. Både elevar og lærarar eg godt nøgde med dette. Det var rett og slett hyggeleg å ha desse flotte menneska på besøk i dag.