torsdag 25. august 2011

Etter formannskapet 24.8.

Formannskapet i Øygarden hadde møte 24. august med m.a. desse sakene på kartet:

Grunnavståing i Ovågen
-Formannskapet godkjente ein avtale mellom grunneigarane i Ovågen og Øygarden kommune som m.a. gjeld areal rundt kystmuseet og kaien i Ovågen. Øygarden kommune må betala 2 mill kr. for innløysing av areal og kai. Kommunestyret må godkjenna finansieringa.

Utbedring av SFO-bygget ved Blomvåg skule
-Formannskapet har løyvd kr. 500.000,00 til utbedring av SFO bygget ved Blomvåg skule. Det vart oppdaga lekkasje med påfølgjande råteskadar i bygget.