I dag er dagen derpå. Du har sikker hatt slike dagar. Eg må sjå litt attende, men framtida ventar og det er berre å bretta opp ermene og stå på. Kjenner nok at kroppen er litt tung og sinnet har fokus på åra som ligg bak.
Kjære TVØ- veljar. Takk for tilliten me har fått heilt sidan 1995. I ein periode hadde me reint fleirtal i kommunestyret. Så klarte me nesten å ri av høgrevinden som har blese over landet, sikkert fordi mange opplever TVØ som eit betre alternativ og med mange egentlege Høgrepolitikarar. Personstemmene mannskapet mitt fekk viser tilliten.
Eg trur alle skjønar at det no er rart for meg å forlata den viktigaste politiske posisjonen/vervet i Øygarden. Dette har eg måtta førbudd meg på 3 gonger (2003/2007/2011). Men, eg trur faktisk det var tøffare den dagen eg vart peika ut som TVØ sin ordførarkandidat etter Rolv Svein Rougnø i 2000. Me hadde akkurat starta ein ny periode. Det var som å hoppa etter Wirkola. Det har vore 11 krevjande men lærerike år, med store utbyggingar og endringar. Mest stolt er eg over å ha fått flytta administrasjonen frå Tjeldstø til Rong og starta bygginga av eit sentrum og sentrumsområde i Øygarden der dei fleste bur. Det omfattande regionale arbeidet hadde ikkje vore der det er i dag utan engasjementet frå Øygarden
Eg er stolt av mannskapet mitt som lojalt og med utskiftingar for kvar periode har stått oppreist og jobba hardt for å få gjennomført politikken. Sjå berre talet på personstemmer dei fekk ved dette valet. På mannskapet sine vegne er eg lei for at me ikkje kom i styringsposisjon, men opposisjon kan og bera frukter.
Kjære TVØ- veljar (774) tusen takk for at du enno ein gong gjorde oss til den største gruppa i kommunestyret. Me skal forvalta denne tilliten så godt me kan og fremja dei sakene du har stemt oss inn for, men husk: me er i opposisjon og styrer ikkje lenger. Me har forresten ein god dialog med eit redusert FrP, det er opp til dei om dei vil ha eit samarbeid med oss.
Du får meir å lesa på denne bloggen framover, med interessante overskrifter. Du skal få mi meining og historiar.
Vennleg helsing
Olav Martin