onsdag 28. september 2011

Politisk kommentar og politiske horisontar

I ein kommentar i VestNytt tirsdag denne veka gir journalisten gode råd til TVØ om oppførsel for taparar. Det vart henvist til ein blogg og det må vera denne bloggen og kritiske kommentarar til VestNytt. Eg kan ikkje la vera å kommentera dette. Me og VestNytt veit at det har vore ein "anstrengt" forhold mellom oss sidan TVØ vart danna i 1995. Dette veit også redaktøren og det er allment kjent. Eg tillet meg også å vera kritisk og gi kommentarar. Det må avisa tola. Når slike kommentarar kjem så er det eit signal om korleis eg og me oppfattar situasjonen. Det betyr ikkje at me er såra eller vonbroten, men me seier i frå. Dei fleste kvier seg for å kommentera. Me må ha treft spikaran, i alle fall nesten på hovudet, når avisa må til å kommentera mine (våre) kritiske merknader både på Facebook og i papirutgåva. Me i TVØ er skuffa over å ikkje vera i styringsposisjon. Det gir me uttrykk for og er ærlege på. Men, no er me klar for opposisjonspolitikk og kjem til å gi fleire kommentarar når det er naudsynt.

p.s. Kommentaren på bloggen som det vert vist til kom før valdagen og me har 774 veljarar (flest veljarar), ikkje 700 som VestNytt skriv.