Ein ny fleirtalskoallisjon skal styra Øygarden politisk. Høgre, AP og KrF. Når ein får eit regimeskifte vert også politiske saker liggjande på vent, både små og store saker. Utfallet av desse sakene kan også verta annleis med ei nytt politisk fleirtal. Nokre døme på slike saker som har stor betydning er: Kommuneplanen og Kommunedelplanen for Rong. Denne type planar set dagsorden for utviklinga i kommunen. Prioriteringar av saker og tiltak vert etter kvart synleggjort gjennom budsjettsakene som kjem, først til formannskapet og seinare til kommunestyret.