Å halda seg litt i form er viktig. Det har eg skrive om før. Fysisk aktivitet gjer godt for sinnet og kroppen. Desse flotte menneska du ser på biletet gjekk på tur med meg tidlegare i haust (politikartur). Det var for meg ei hyggeleg oppleving. Vakker natur og ein fin augustkveld.
Eg vonar du nyttar deg av alle dei flotte turløypene me har i Øygarden. Det trur eg Bente Guntveit som er folkehelsekoordinator i kommunen set pris på.