lørdag 15. oktober 2011
Hamnesamarbeidet og framtida til Bergen og Omland hamn
Sjølv om dette er ei sak som i avgrensa omfang interesserer folket i Øygarden er det av interesse i nærings- og utviklingssamanheng. Det har vore ein del ugreie i toppleiinga i hamnevesenet, seinast dei siste dagane. Det er imidlertid, etter mi meining, feil å kopla personalsaker til framtida for eit langsiktig hamnesamarbeid. Å byggja opp ei nytt byråkrati for å handtera ei hamn i fleire kommunar er lite heldig. Inntektene i framtida frå skipsanløp vert avgrensa. Det skal ikkje vera forteneste i eit slikt opplegg og ein kan risikera å sitja att med eit tapsprosjekt. Eg trur ikkje ein kjem utanom eit samarbeid om hamn der Bergen er med.