mandag 14. november 2011

Krevjande budsjettarbeid

Dersom ein skal få noko til som politikar så må ein finna gode effektive løysingar og som oftast i kombinasjon med pengar. I offentleg sektor vert det aldri nok pengar. Det er difor viktig å hushaldera med pengane ein har og prøva å finna løysingar som gjer at gode tiltak kan raliserast. Mange tiltak kan løysast utan store beløp medan andre tiltak krev millionar av kroner. Det vert meir og meir krevjande å dekka inn behova og alle ynskja.

På tirsdag og onsdag denne veka skal formannskapet arbeida med budsjettet for 2012. Utgiftene aukar og overføringane frå staten minkar. Eigedomsskatten gir oss gode inntekter men er sårbar for endringar. Rådmannen har summert ein kladd på investeringar på rundt 74 mill. kr.  Det vert vanskeleg å prioritera. Før eventuelle nye tiltak,kostnadskutt og reduksjonar har ein att 9,6 mill. kr. som ein kan bruka til nye tiltak og investeringar.

Etter mange år i posisjon og arbeid med vanskelege budsjettprioriteringar som ansvarleg ordførar, er det no ei anna politisk leiing som må arbeida med sine prioriteringar innanfor tronge rammer.