fredag 2. desember 2011
Øygarden - seg sjølv nok?
Dei fleste er nok oppteken med førebuing til jul. Nokre av oss tenkjer litt politikk oppi all førebuinga. I veka som kjem skal kommunestyret ta stilling til budsjettet. Eg er som kjent i opposisjon. I fleirtalsframlegget frå Arbeiderpartiet og Høgre kan ein tolka det slik at ein vender seg vekk frå fellesskapet og tiltak som alt er i gong. For å nemna eit døme: eige Næringsråd for Øygarden kommune. Det har me hatt tidlegare. Resultata er lite synlege, bortsett frå at kommunen sat att med ei rekning kvart år på ca. 700.000,00. I eit krevjande næringspolitisk landskap må me utnytta dei regionale selskapa/foreiningane. Me betaler allereie for det og desse organisasjonane har høg kompetanse. Me bør delta i fellesskapet, elles vert me fort isolerte.