Då er me inne i 2012 og eg ynskjer deg eit godt år. No er det slik at me kjenner berre øyeblikket og tida som ligg bak oss. Det er godt at me ikkje ser inn i framtida. Livet er ikkje alltid rosenrødt. Livet byr både på sorg og glede. Sjølv arbeider eg no i ein organisasjon der sorg og glede kjem tett på, også ved overgangen til det nye året. Ei nyårshelg forandrar ikkje noko. Livet og tida og alle realitetane kjem til oss i 2012 slik som i 2011. Likevel ynskjer eg deg eit godt år.