lørdag 28. januar 2012

Kontrastar som gir grunn til ettertanke

Ein tur til Etiopia gjer at bloggen først vert oppdatert no. Eg har skrive det før; -me har det godt i Noreg og i Øygarden. Etiopia er eit flott land med flotte menneske, men med mykje fattigdom. Me skal ikkje overføre vår standard automatisk til andre land. Me skal ikkje langt utanfor våre grenser før me ser ein lågare standard enn vår. Men, nokre tilhøve i desse fattige landa som t.d. Etiopia må ein arbeida med for å betra. Utdanning er eit slikt område som er viktig for ei positiv utvikling og få bukt med korrupsjon.

Eg fekk oppleva gleda hos unge jenter som i januar kunne flytta inn i eit nybygd internat i byen Dilla i Etiopia, slik at dei kan bu trygt og ta vidare utdanning. Mange av dei hadde klare mål for livet sitt og vil bidra til ei positiv utvikling av landet sitt. Internatet er bygd på grunn av engasjerte menneske i mi bygd som ser behovet og er villig til å gi bidrag til dei som ikkje har så mykje som me i Noreg.

Kvar gong eg er i Etiopia føler eg at våre utfordringar som får stor merksemd her heima på det næraste vert uvesentlege, sett opp mot utfordringar som mange menneske opplever i den fattige del av verda.