Å setja seg inn i saker
I ein leiar for litt sidan beklagar VestNytt seg over utbygginga av vatn- og avløpsnettet i Øygarden. Ein har heller brukt pengar på flotte bygg, var kommentaren. Som eg skreiv tidlegare kan ikkje VestNytt ha følgd med.
Øyvar som ikkje får pengar
Kommunestyret har gjort vedtak om at ein skal oppretta eit eige selskap, Øyvar som skal byggja ut vatn og avløp i Øygarden. Det har mange andre kommunar gjort med vellukka resultat. VestNytt burde gjerne ha spurt den sitjande posisjonen kvifor ein i budsjettet ikkje løyvde midlar til oppretting av selskapet. Her kunne ein fått til ei stortstilt satsing om viljen til å bruka pengar på dette var tilstades. Vel kostar det med administrasjon og mannskap i eit slikt selskap, men vatn og avløp er så grunnleggjande viktig at det er vel verd å bruka pengar på.
Kva er gjort, så langt sidan 1995
Så minner eg om dei store utbyggingane der vatn og avløp var viktige element i utbygginga:
- Blomvågutbygginga rundt tusenårskiftet
- Nytt Toftøy vassverk rundt tusenårskiftet
- Toftøyutbygginga (Vik og Toft)
- Alvheim vassverk til over 40 mill.
- Ledningsnett på Rong/Tednebakkane
- Vassledning over Ulvsundet
- Det vert no lagt vassledning over Rongesundet
- Storstilt utbygging av trafikksikring, vatn og avløp mellom Toft og Torsvik til over 30 mill.
Til dette anlegget kan den nye vassledninga over Rongesundet koblast til.
Framover
Det står att mykje arbeid, særleg å binda saman vasskjeldene og vassverka og auka trykk-kapasiteten med høgdebasseng mellom Blomøy og Toftøy.