torsdag 2. februar 2012

Etter kommunestyret 1.2.2012

Kommunestyret hadde møte på onsdag denne veka. Ei viktig sak vart trekt frå sakskartet. Det gjeld prioriteringar av invensteringane framover. TVØ hadde andre prioriteringar enn posisjonen. Me etterlyser mellom anna ei konsekvensutgreiing av nokre prosjekt. PU-bustadane som har vore etterlyst av brukarane lenge og som var under planlegging finn me ikkje att i den nye prioriteringslista. TVØ ville byggja eit tenleg leilighetsanlegg på Tednebakkane for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Den nye posisjonen ynskjer ikkje denne løysinga.

Arbeidet med Fleirbrukshallen/Kultursenteret er også nullstilt. Synd for dei som ynskjer eit breiare tilbod innanfor idrett og kultur. Det er sett av litt pengar til det som kan vera ein idrettshall. Beløpet er imidlertid så lite at det kan ikkje vera realistisk i høve til ambisjonen.