onsdag 4. januar 2012
Regional og lokal næringsutvikling - ris og ros
I eit tidlegare innlegg på bloggen gav eg VestNytt ris for innhaldet i ein leiar. Leiaren i VestNytt 3.1. peikar på utfordringar i det regionale næringsarbeidet. Det er heilt rett som det står at næringsutvikling er krevjande. Det er eit langsiktig arbeid og mykje tålmod og venting må til. Eg er samd med skribenten at det er feil, i for stor grad å tona ned det regionale utviklingsarbeidet. Samarbeid er krevjande, men over tid vil det gi effekt dersom viljen er tilstades. Så er det ikkje enten eller, men både og. Lokalt, kommunalt engasjement er viktig men det må vera ein del av ei felles satsing. Vonar ikkje at heile det regionale samarbeidet stryk med. Det tener ingen på.