fredag 10. februar 2012

Ei lei sak med omfattande konsekvensar

Oppslaga kring Familiens Hus er ei lei sak, slik den så langt er framstilt i media. Ingen vinn noko på dette. Utfordringane må ein finna ut av slik at ein kjem seg vidare. Like fullt er det viktig å finna ut av kva som gjekk galt, eller kva som har skjedd og ikkje skjedd både med tanke på ei løysing men også ta lærdom.

TVØ har idag bedt Kontrollutvalet i kommunen om å granska saka. Om hendingane høyrer heime i Kontrollutvalet må utvalet sjølv ta stilling til. Det er kun kommunestyret som kan påleggja Kontrollutvalet å ta ei sak til handsaming.