Øygarden er i desse dagar i media sitt søkelys og vert kjørt på ei sak i høve Familiens Hus, ei eining i kommunen. Ein ting er at eininga kan ha utfordringar, ei anna sak er når det kjem i media og kommunen sitt omdøme vert alvorleg svekka. Oppi alt dette vert ikkje eg, som medlem av formannskapet og kommunen sitt partssamansette utval (Administrasjonsutvalet), informert om situasjonen gjennom det formaliserte systemet som skal fanga opp alle avvik i arbeidsforhold og drift.
Eg er prisgitt Vestlandsrevyen som leitar etter oppslag med lite oppbyggjeleg stoff.
Det er på tide at Kontrollutvalet i kommunen set i gong ei gransking av heile saka og informasjonsflyten.