På nytt er det oppslag i lokalavisa om Familiens Hus i Øygarden. Overskriftene må gi grunn til utryggleik hos dei tilsette. Dette er ikkje bra og ein burde avstått frå å skapa meir utryggleik i ein organisasjon som sikkert etter kvart føler at dei er inne i ei vaskemaskin som ingen stoggar. Ein må for all del unngå at denne utryggleiken forplantar seg til resten av organisasjonen. Øygarden kommune har for tida store nok utfordringar som det er.
Me politikarar har arbeidsgjevaransvaret for nærare 600 tilsette i Øygarden kommune. Det er ei tung bør å bera og den må forvaltast med klokskap. Våre uttalar om organisering og tilsette vert lagt merke til.
For tida er det eit arbeid på gong i eininga relatert til arbeidssituasjonen samt at kontrollutvalet arbeider med ei undersøking. La oss ikkje lasta meir opp på vogna slik at ho knekk saman.