At rådmannen i Øygarden sluttar vert av mange muligens sett på som ei enkel sak. Slik er det ikkje. Dette er meir alvorleg enn det folk trur. Situasjonen er svært alvorleg, organisatorisk og for heile kommunen. Saka relatert til Familiens Hus med påfølgjande hendingar er ikkje grunn god nok til at me let vår rådmann fara til Askøy. Ordførar og ein tillitsvald sine svar på NRK Hordaland måndag ettermiddag gir grunn til fleire refleksjonar.
Eg registrerer at den politiske leiinga ikkje beklagar oppbruddet. Det fører til fleire spørsmål enn det er svar for så langt. Dei spørsmåla kjem og dei vert retta til fleirtalskoallisjonen som styrer kommunen.