Vegen til Turøy |
Visjonar løfter ein sjølv og menneska rundt ein. Utan litt luftige visjonar vert det tamt og tenkinga vert tradisjonell og lite spennande. Som politikar har eg hatt det privilegium å ha menneske rundt meg med visjonar og som har tørt å tenka spennande tankar for utvikling, både lokalt og regionalt. Når ein er tett på realitetane dagleg kjem visjonane litt i bakgrunnen. Då treng ein menneske som kan arbeida med visjonar og det må ein viss kompeanse til.
Realitetane
Samtidig, når ein levd ei stund og har lært og sett, må ein ta inn over seg realitetane. Ofte må me ta tak i det kortsiktige og ikkje minst avgrensar økonomi spennande tankar. Det er i dag folk forventar at det offentlege fungerer. Maskineriet skal gå for fullt i dag og det vert lite tid att til målretta planlegging.
Vekst og visjonar
Bergensregionen kjem til å veksa i åra som kjem. I løpet av dei neste 18 åra vil den yrkesaktive befolkninga i Bergensregionen auka med 55 000 - 60 000 personar. Ei analyse viser at Bergen med nærområde og Stord får ein stor del av veksten.
Det er mangel på næringsareal i sentrale strøk. Altså må ein ut i distrikta å finna næringsareal, sjølv om det er utfordrande å få til etablering når ein kjem eit stykke ut frå Bergen. Les meir på BRB sine nettstadar om utviklingstrekk og behov for næringsareal. http://www.brb.no/page/66/regionen-trenger-nye-naeringsarealer
Vekst må handterast med kloskap og politikarane må styra. Utan visjonar vert planlegginga fattig og lite framtidsretta.