Det manglar ikkje på nedbør og til tider fulle vassmagasin. Problemet er algar. No blomstrar dei på nytt i Stegeviksvatnet på Toftøy og kommunen må no henta drikkevatn frå Blomvåg vassverk til heile søre Øygarden. Det er sårbart og dersom me får mykje tørke så står ein framfor store utfordringar med nok vatn i Steinsvatnet der Blomvåg vassverk hentar vatnet frå. Algane kom heilt uventa i fjor og det er ikkje noko ein kunne rå med.
No må kommunen føreta store investeringar med nye renseanlegg ved Toftøy vassverk og Blomvåg vassverk. Det kan kosta opp mot 40 mill. kr. Nye renseanlegg tek knekken på algane. Men, det betyr at politikarane må omprioritera investeringsmidlar dei to kommande åra. Me er heilt avhengig av reint drikkevatn.