fredag 1. juni 2012

Vintertemperatur

Første sommarmånad og 5 gr ute på terrassen i kveld. Jaja, denne kalde nordavinden er ein del av kulturen vår her ute ved havet. Eg var ein tur i kulturnaustet på Toft i kveld. Der stod nokre flotte færingar. Dei hadde det verre dei som rodde fiske på havet i opne færingar. Me skal ikkje klaga.