fredag 29. juni 2012

Trygg vassforsyning

Øygarden kommune er sårbar med omsyn til vassforsyninga. Frå 1995 og fram til no har me brukt antageleg opp mot 100 mill. kr. i utbygging av vassverk og ledningsnett. Like fullt må det investerast framover. Alvheim vassverk som vart utbygd for nokre år sidan kan ikkje aleina forsyna heile kommunen. Det betyr utbygging av Toftøy (som m.a. må ha nytt renseanlegg pga algar) og Blomvåg vassverk. Rong har ikkje eigen vasskjelda. Skulle ein få ein stans i Blomvåg vassverk no, råkar dette også Rong og Toftøy som er dei største krinsane i kommunen. Toftøy vassverk er stengt pga. algar.

Det ryk nok med 100 mill. til før me ser konturane av ei trygg vassforsyning i heile kommunen der også ledningsnettet er meir utbygd. Dei første 40 mill. fer no når Blomvåg og Toftøy vassverk skal fornyast. Men: reint vatn 24/7 er grunnleggande viktig.