mandag 9. juli 2012

Utsikt mot Hjeltefjorden

Årstida gjer at ein brukar litt tid utanfor huset og innimellom ei økt med utsikt mot Hjeltefjorden.  Trafikken i fjorden er stor. Båtar i alle slags fasongar og storleik, - supplyskip, cruiseskip (større og større for kvart år), fraktefartøy, fiskebåtar og fritidsbåtar, berre for å nemna noko. Innimellom ei stor plattform som enten skal til Ågotnes eller Hanøytangen. Supplyskipa fer nord og sør fjorden døgnet rundt. Aktiviteten er stor. Det er bra. Aktivitet betyr arbeidsplassar og inntekt for mange.

Me er priviligerte som bur i ein eit område med vekst. Det gir også von for unge som er på veg ut i arbeidslivet.