torsdag 31. mai 2012

Barnehagetomten på Toftøy og fakta

Barnehagetomten og den nye barnehagen på Toftøy har fått mykje medieomtala dei siste dagane.

Først: eg trur mange foreldre ser fram til at den nye barnehagen står ferdig. Det er for barna og deira foreldre at barnehagen vert bygd.

Så er det slik at ei sak har fleire sider og det kan bli ille dersom ansvaret for uheldige omstende vert plassert før ein les fakta. Ofte vert ei side framstilt, fordi det høver for dei som skriv eller for ei gruppe av menneske. Dersom du les saka som muligens er opphavet til medieomtalen så er biletet noko meir nyansert (no er det slik at saka ikkje er lettlest og helst må ein kjenna heile historia).

Det er ikkje bra at utbyggingar kostar meir enn det som var tenkt eller planlagt. Det er me politikarar som løyver pengar, godkjenner prosjekt og skal kontrollera og følgja opp. Så er det slik at nokre gonger vert det avvik frå det opprinnelege. Før ein trekkjer forhasta konklusjonar er det viktig å få dei rette fakta på bordet.