I VestNytt kan me i laurdagsutgåva lesa at det vert magrare år i Øygarden. Det høyrest ut som om me skal svelta i hel her ute. Slik er det ikkje. Det er heller ikkje slik at Øygarden sin økonomi er forverra i særleg grad. Det er berre det at ein lyt omfordela midlane. Løns- og prisvekst m.a. gjer at utgiftene aukar. Det har lenge vore eit mål at det skal vera att mellom 30-40 mill. kr. når drifta er betalt. Me har lagt rundt 20-25 mill. kr. i fleire år men no fell driftsbidraget kraftigt. Det har vore arbeida lenge med tiltak i drifta men effekten kjem seint, difor vert tiltaka intensivert.