Terroraksjonen ved gassanlegget i Algerie nådde også bygda Vik. Algerie er så langt borte, det same er alle terroristane, trur me. Det er no allment kjent at Alf Vik døde under terroraksjonen i Algerie. Han og familien budde fleire år her på Vik, på slektsgarden, før dei flytta til Grimstad. Frå stova ser eg ned på naustet som Alf bygde, for eit par år sidan. Tragedien kjem så nær.
Det er så meiningslaust at sivile arbeidarar som ikkje kan beskytta seg vert utsett for terror slik me har sett det i Algerie. For familiane som er råka av terroristane sine brutale handlingar er dette ein frykteleg tragedie. Me føler med dei som no ikkje får sine heim i live.
Tragedien i Algerie er ei brutal påminning om at terroristane kan nå oss, i ei globalisert verd.