søndag 6. januar 2013

Eit lite tilbakeblikk på 2012 - og konsekvensar

Dette korte tilbakeblikket handlar om arbeid og politikk.

Krevjande situasjonar
Eg er privilegert med medarbeidarar som står på i alle situasjonar. Nokre gonger kan det vera svært krevjande situasjonar dei står oppe i. Det fekk me oppleva då Alexander Dale Oen brått døydde i mai. Meldinga om dødsfallet var uverkeleg slik det alltid er ved brå død, men det gjorde ekstra inntrykk at ein veltrent ungdom brått døyr, nokre månadar før han skal skulle delta i OL. Det var uverkeleg å planleggja gravferda til Alexander. Gode medarbeidarar i kyrkja, i kommunen og frivillige gjorde at gravferda vart verdig og at mange kunne delta på gravferdsdagen. Minnet om Alexander Dale Oen lever vidare. Me set pris på at kommunen får nyta godt av Dale Oen Experience:  http://daleoen.com/

TVØ
- står for sine saker og politiske prioriteringar, men me kan ikkje fortelja om nye tiltak i 2012 som har vår signatur. Me har rett og slett ikkje fleirtal, så enkelt er det. Me er i opposisjon.
Nokre gonger er politikarane samstemte, men i viktige prinsipielle saker vert nok skillelinene sterkare slik det no ser ut. Me er samd i at det må treffast tiltak som gjer økonomien berekraftig i åra som kjem, men har det same synet som rådmannen om tiltak og iverksetting.
Me er godt nøgd med at utbygginga av veg, vatn og avløp mellom Toft og Torsvik vert sluttført. Dette er eit krevjande tiltak som kostar mange pengar, men som TVØ prioriterte høgt.
Og så til slutt gleder me oss over den nye barnehagen på Toftøy som opna i dag, med plass til over 100 born. Gratulerer til eigar og drivar: NLM Barnehagene AS. Sikkert mange glade born og foreldre idag.

Rådmannen som ikkje skulle gått
Dette året slutta rådmann Torgeir Sæter som følgje av ei sak om situasjonen i Familiens Hus. Saka var ei tid (og sikkert enno) øydeleggjande for organisasjonen og kommunen sitt omdøme og eg er usamd i måten det politiske leiarskapet handterte saka på. Eg beklagar at Torgeir Sæter ikkje vart verande i Øygarden som rådmann, men forstår hans val.

Att og fram om kostnadar
Utbygginga av barnehagetomten på Toftøy fekk og mykje merksemd fordi det vart brukt meir pengar enn det som var planlagt og budsjettert. Her vert det sikkert meir styr når kontrollutvalet har gjort seg ferdig med saka. Til dette er å seia følgjande: Etter at kommunen avvikla prosjektkontoret (bemanna av Erstad og Lekven med byggeleiar og som den gong vart kritisert både av administrasjonen og politikarar som ikkje likte at tiltak vart realiserte) vart oppfølging og rapportering svekka etter mitt syn. Aldri har eg opplevd så mykje surr om kostnadar for enkeltprosjekt som det siste året. Dette dukka opp at ved handsaminga av budsjettet for 2013.

"Noen ganger er det all right"
Det fælaste ved utgangen av dette året var eit forslag frå det politiske fleirtalet om eit investeringsbudsjett på 120 mill. kr. Dette vart rett nok sterkt redusert i kommunestyret sitt budsjettmøte men det er grunn til å spørja kva ein tenkte på. Budsjettet som er vedteke, mot TVØ sine røyster, vert "kvelande" på administrasjonen om det skal gjennomførast fullt ut i 2013. Det rare er at det er stilt om dette. I si tid vart TVØ ofte kritisert for alle nyttige tiltak som kjem alle i Øygarden til gode. Det gjekk ut over det eine og andre vart det sagt, men ingen vart oppsagt som følgje av TVØ sine prioriteringar. No ser det ut til at alt går. Har tenkt lenge på avdøde Odd Børretzen sin song: "Noen ganger er det all right".


Du kan lesa om TVØ her, enten du er samd med oss eller ikkje: www.tverrpolitisk.no