torsdag 10. januar 2013

Gratulerer med ny barnehage på Toftøy

Endeleg er den der, den nye barnehagen på Toftøy. Det var på tide. Det er ikkje alltid at det går slik ein tenkjer og ynskjer. Allereie før tusenåsskiftet starta kommunen arbeidet med å finna ein egna tomt. Det er over 12 år sidan. Andre investeringar måtte prioriterast før ny barnehage på Toftøy og etter kvart vart det brakkeløysingar for å dekka behovet for barnehageplassar.

Det er NLM Barnehagene AS som har bygd, eig og driv den nye barnehagen med plass til over 100 born. Dei driv mange barnehagar og har gjort det gjennom mange år, ulike stadar i landet.

Gratulerer til alle berørte med den nye barnehagen!