tirsdag 29. oktober 2013

Lokalt engasjement - berande for lokalmiljøet


Geir Barsnes
Med fare for å vera navlebeskuande skriv eg likevel litt om lokalt engasjement, seinast på eit bygdetreff på Vik i regi av grendalaget og bedehuset. Over 80 personar møtte opp, faktisk i frå fleire bygder i Øygarden, det var hyggeleg, på ein lørdag ettermiddag.

Alt vart gjort på dugnad og sponsa. Gode foredrag og fin song og musikk. Flott med menneske som tek initiativ og stiller opp utan dei store geberdene. Det er å byggja lokalmiljøet.