fredag 25. oktober 2013

Usikker framtid

Kommunenoreg går inn eit uroleg farvatn framover. Det kan ha innverknad på innbyggjarane. Regjeringa syslar med ein kommunereform, meir av oppgåver skal ut i kommunane og nokre eigedomskattekroner som m.a. rike oljeselskap betalar til kommunane vert vurdert dragne inn i det store fellesskapet. Det vert i så fall pengar som vert ståande på eit fond, ubrukt, eller at ein kjøper opp eit nytt kvartal i ein eller annan storby i Europa. Det siste kjem i liten grad oss til gode.

Kva er grunnen til kommunereformen? Kvifor er det slik at staten vil at kommunane skal ta meir av oppgåvene i offentleg sektor? Er det slik at staten sjølv ikkje evnar å ta hand om eigne oppgåver? Kva vinn ein på større kommunar? Er det fordi at det høver betre for dei som set i Oslo og styrer?

Det er sunt med endringar, men i eit samfunn som har vorte komplisert er det viktig at ein ser på konsekvensane av svære endringar. Det er i alle fall viktig at innbyggjarane kjem godt ut av det når endringsprosessane vert sett i gong. Politikarane er til for innbyggjarane!