onsdag 9. oktober 2013

Refleksjonar

Byggeaktivitet i Addis Abeba og innsjøen Langano

Refleksjonar

For nokre dagar sidan kom eg heim frå ein tur i Etiopia. Etter å ha vore avskoren frå norske nyhende ein periode kunne eg konstatera at Høgre og FrP hadde komen til semje om ei regjeringsplattform. Det er 5 gongen eg er i Afrika og i eit land som vert omtala som eit av verdas fattigaste land. Når eg prøver å forstå kva den nye kursendringa vert for Noreg, med ei ny regjering, følest det marginalt, óg når det gjeld problem me slit med i vårt land. Hos oss er utfordringa korleis me kan auka velferden. I mange land handlar det om, for nokre, å overleva til neste dag, eller at landet omtrent må byggjast frå grunnen av.

Me har lett for å leggja vår standard til grunn og at vår velferd skal overførast til andre. For mange land vil det ta fleire mannsaldrar å nå det nivået.

Det er sunt for menneske i viktige posisjonar å sjå realitetane utanfor våre grenser. Men, ein ting er sjå, noko anna er å ta det inn over seg. Det vert viktig for den nye regjeringa, ikkje minst sett i lys av problema mange land i Europa slit med.