onsdag 16. oktober 2013

Øygarden og framtida

Korleis vert framtida for Øygarden? Vert me ein flik i ein storkommune? Kvar skjer med kommunale arbeidsplassar om det vert endringar av kommunegrensene. Kommunen er ein stor arbeidsplass, dei tilsette ligg att pengar i butikkane i kommunen. Kommunen er og ein stor innkjøpar, gjerne ikkje alltid lokalt, men det dryp og på næringslivet lokalt

Me fortel ofte om det som har vore, slik det var for nokre år sidan. Det er greit, men det er på tide å løfta blikket og ha luftige framtidsvisjonar for kommunen. Fortelja korleis me vil ha samfunnsutviklinga, uavhengig av sablane som raslar med endra kommunegrenser. Øygarden har alle muligheter.