tirsdag 28. juni 2011

Eit samandrag etter 4 år

Valperioden 2007-2011 er snart over. Her kjem ei kort oppsummering av nokre viktige saker som var på den politiske dagsorden. Eg minner også om ordførarpraten på Radio Sotra. Der kan du høyra om saker veke for veke http://www.radiosotra.no/  Men, her er oppsummeringa


Eit kort opplisting i ikkje kronologisk rekkefølgje:
  • Rong vart kommunesenter. Helse- og Tenestesenteret vart kommunen sitt rådhus.
  • Eit nytt Rong senter vart bygd med kommunen som ein stor leigetakar i bygget.
  • Nye Terna barnehage vart bygd.og gamle Terna barnehage vart rehabilitert.
  • Me bygde nytt vassreinsanlegg til over 40 mill. kr. ved Storavatnet nord i Øygarden.
  • Forprosjekta ferdigstilt for ny skule på Tjeldstø og fleirbrukshall/kulturhus på Rong.
  • Forprosjektet til PU-bustadar og omsorgsbustadar på Rong er ferdigstilt.
  • Det er sett av pengar til utbetring av vegen forbi gravplassen ved Hjelme.
  • Nye Toftøy skule vart ferdigstilt og teken i bruk.
  • Havly barnehage vart utvida .
  • No vert det bygd ny barnehage på Toftøy i privat regi.
  • Det er no gjort vedtak om oppstart av arbeid med VVA-anlegg på strekninga Toftøy skule-Torsvik til over 30 mill. kr. 
  • Blomvåg kyrkje er rehabilitert.
  • Det er sett av pengar til eit løft i Hjelme kyrkje.
  • Trafikksikringstiltak er gjennomført på Rong.
  • Eit omfattande arbeid i det såkalla Kvalitetskommuneprogrammet er gjennomført med eit sterkt redusert sjukefråvær.
  • Familiens Hus vart etablert som eit tiltak for å betra tilgongen til m.a. lavterskeltibod til familiar og enkeltemenneske som treng hjelp i ulike livssituasjonar.
  • Det er utvikla eit sterkt regionalt samarbeid mellom kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, der vår kommune har vore sentral i arbeidet.
  • Tenestene våre er utvikla, samtidig som me vert utfordra på å handtere ein strammare økonomi, noko som krev mykje av våre tilsette. Det er gjort vedtak om kostnadskutt.
  • MOT ut i lokalsamfunnet.
  • Satsing på omdømme og reiseliv.
  • Øygarden har vore sentral i arbeidet med å etablera Nettverket av Petroleumskommunar (ilandføringskommunar for olje og gass)

Kommunen veks i folketal, me er no over 4300 innbyggjarar, det krev planlegging for framtida. Me er midt inne i ein prosess med revisjon av kommuneplanen.

Ei rekkje plansaker og enkeltsaker er handsama, saker som ikkje kjem fram i lyset.

Bak alle sakene og prosessane ligg det mykje arbeid, som har involvert våre tilsette og politikarane. Takk til kvar enkelt av dykk.

Eg presiserer at det som nemd ovanfor er eit utdrag og bloggen hadde vorte sprengt om eg skulle ha skrive om alt. Innlegget viser breidda i kommunen si verksemd.