onsdag 31. desember 2014

Takk for året 2014

Det er med vemod eg ser attende på året som ligg bak oss. 12 månadar er lenge og mykje kan skje. Me kan førebu mykje og planleggja både for fritid og arbeid, men om det vert slik rår me ikkje med.

Kontrastane vert ofte store. Me går frå glede til sorg og livet vert fylt med erfaring og oppleving som som me må ta med vidare. Mykje kjem i skyggen av det å mista nokon som står ein nær. Livet er sårbart og skille mellom liv og død er som eit tynt forheng. Først vart ein nær ven sjuk, heilt uventa, og døydde før hausten var over. Det var tungt. Saknet etter ein nær ven vert sitjande i.
Så døydde ordførar Otto Harkestad brått. Eg har opplevd før å mista ordførarkollegaer i operativ teneste. Det merkast. Otto og eg vart politiske kollegaer i 1991 og bortsett frå ein kommunestyreperiode frå tusenårsskiftet arbeida me tett på kvarandre politisk. Me var ikkje samd i alt, men i grunnleggande samfunnstilhøve var me samde. Det var tungt å følgja Otto til grava, og han ein mann i sin beste alder. No er Otto borte og minna frå tida me var saman vil følgja med vidare i livet.

Barnebarn kom til i 2014, no er det 6 av dei. Det gir glede og mange fine opplevingar. Kontrastane gir livet ei slags meining og brå overgangar vert kompensert med mange små fine augneblink som tek luen av dei skarpe kantane i det me ikkje likar.

Takk for 2014 og godt nytt år!

fredag 24. oktober 2014

Siste kommunestyreperioden

Lenke til VestNytt om denne saka:  Artikkel i VestNytt

Pressemelding

Til:                  VestNytt, Radio Sotra, Kystradioen
Frå:                 Olav Martin Vik, leiar i TVØ
Dato:               20. oktober 2014

Kommentarar til pressemeldinga: Det vert på dette tidspunkt ikkje gitt kommentarar utover det som står i pressemeldinga.
  
SISTE KOMMUNESTYREPERIODEN

I 2015 har eg vore politikar i 25 år i Øygarden og 11 av desse, som ordførar.

Ordførarperioden tok til i 2001 og i perioden frå 2000 og utover, vart det investert nærare ein halv milliard kroner i bygging av kommunale bygg og kommunal infrastruktur i Øygarden. Kommunale tenester vart styrka. Det var krevjande år, der finansieringa nøye måtte sjåast opp mot inntektene. Planlegging krov mykje av mange. Det vert av mange framstilt som lettvint. Det var det ikkje. Det er krevjande å gjera ord om til handling.

Kommunesenteret vart i denne perioden flytta frå Tjeldstø til Rong. Av større anlegg kan nemnast Tednebakkane omsorgssenter, rehabilitering og nybygg ved Blomvåg skule, SFO ved Rong skule, ny idrettsbane på Tjeldstø, oppgradering av idrettsbana på Rong, nytt Alvheim vassverk, ny Toftøy skule, ny Terna barnehage, tomt for ny barnehage på Toftøy, innleige av kommunale institusjonar i nytt Rong senter, kai i Naturgassparken, store utbyggingar innanfor veg, trafikksikring, vatn og kloakk på mange av gardane m.m.

Saman med ordførar Ole G. Fredheim i Fjell og avdøde ordførar Albrigt Sangolt i Sund var eg med og oppretta selskapet Sotrasambandet som har vore ein pådrivar for ny sotrabru.

Eg var med og etablerte Regionrådet Vest (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden), saman med kollegaene Lars Lie, Albrigt Sangolt og Knut Hanselmann og hadde gleda av å leia styret i den første perioden. I dag er det eit utstrakt samarbeid mellom desse kommunane.

Eg var med og etablerte Nettverket av Petroleumskommunar (kommunar med ilandføring av olje og gass) og fekk i oppdrag å leia styret i den første perioden. I dag er dette nettverket viktig for å sikra interessene til desse kommunane, ovanfor sentrale styresmaktar og oljeselskapa.

Frå 2001 og utover vart det lokalt og regionalt satsa på næringsutvikling og verdiskaping, gjennom selskapa Naturgassparken, Gode Sirklar, Business Region Bergen og Bergensregionen (politisk møteplass).

Det har vore spennande å utvikla Øygarden, saman med eit solid mannskap i TVØ, administrasjonen og samarbeidande menneske, grupper og nabokommunar.

Eg takkar ikkje minst alle veljarane som har støtta meg og gitt ny tillit i fleire periodar.


Eg har orientert TVØ sitt arbeidsutval om at eg ikkje er aktuell som listekandidat til kommunevalet i 2015. Etter 25 år og 11 år i toppen i politikken i Øygarden, vel eg å avslutta mitt politiske arbeid, når denne kommunestyreperioden er slutt i 2015.

torsdag 6. mars 2014

Å dela erfaringar -arealplanlegging

Det var flott å kunna dela erfaringar frå mange år i politikken med Teknastudentar og Teknamedlemer i går, på ein konferanse i Ski. Temaet var: "Korleis sikra politisk forankring i planleggingsprosessar"

Eg håpar mange av studentane finn vegen til offentleg sektor etter utdanninga. Det trengs høg kompetanse innanfor planlegging og saksbehandling. Det er viktig å ha dyktige menneske i kommunane. Les meir om Tekna

lørdag 22. februar 2014

Folkevalgtdag i Samnanger

Tysse i Samnanger

Fint å vera i Samnanger i går på oppdrag for KS (KS) og møta kommunestyret og administrasjonen. Folkevalgtdag og tema var kommuneplanlegging med fokus på arealplanen. Samnanger skal no arbeida med arealdelen der fokus er folketalsutvikling (leggja til rette for vekst), sentrumsområde og næringsareal. Dei har alt jobba godt så langt. Samfunnsdelen i kommuneplanen er vedtatt og er eit godt gjennomtenkt styringsdokument.

Samnanger er ein bynær kommune med vekstpotensiale.

Nettside: Samnanger kommune

fredag 21. februar 2014

38 000 sidevisningar

Bloggen har passert 38 000 sidevisningar. Hyggeleg at mange les innlegga.

torsdag 20. februar 2014

VestNytt og Øygarden, investeringar m.m.

Leiaren i VestNytt i dag kjem ikkje uventa. Slik har det vore frå midten av 90-talet. VestNytt ser ut til å ha kome inn eit spor som er vanskeleg å koma ut av.  Det synes som om det ikkje har gått opp for redaksjonen etter alle desse åra.

VestNytt bør studera investeringsbudsjettet for perioden 2014 til 2017 som eit knapt fleirtal i kommunestyret har gått inn for, og sjå det i lys for behov for pengar, så akutt. Dersom ein verkeleg meiner at beltereima no vert stramma så kan det umogeleg stemma med bruken av dei sparte pengane. Dersom det er eigedomsskatten som forsvinn så må investeringane venta. Det er noko som ikkje stemmer med grunngjevinga og forklaringa. Ein kan ikkje både spara og bruka pengane slik at driftskostnadane aukar. Ikkje ei einaste krone av dei sparte midlane vert sett på fond, slik dei som no styrer har mast om i alle år. Rådmannen hadde i sitt budsjettforslag sett av litt til fond. Det vart kutta.

Skal ein møta framtida med ein berekraftig økonomi, må det gjerast noko med struktur, kvalitet, standard og vilje til samlokalisering av tiltak. Den debatten har ikkje kommunestyre teke. No kjem kutta flatt utover, utan mål og meining. Bak fleire av kutta må rådmannen skriva: må utgreiast, må utgreiast, må utgreiast. Denne utgreiinga skulle vore på plass før kutta. Neste år kjem det nye kutt.

Dette er investeringane, som muligens VestNytt har gløymd då leiaren vart skriven..
2014:      71       mill kr
2015:    108       mill kr
2016;      93       mill kr
2017       69       mill kr
Sum      341      mill kr (fleirtalet 11.12.2013 med AP, Høyre, Uavhengig, og 1 FrP)

For å finansiera dette skal det m.a. lånast 134 mill kr.  Avdrag og renter skal betalast av drifta. Alt for 2014 må det lånast meir pengar, fordi ein ryggar og ryggar i forhold til opprinnelege kutt.

46 % av finansieringa av investeringane skal finansierast over drifta. Det utgjer 156 mill kr.

Det er altså slik at når ein lånar mykje pengar så må ein kutta tilsvarande for å få betalt renter og avdrag, i tillegg til andre kutt.

Det vert kutta i tenester og det er nesten uverkeleg at ein i eit jubileumsår der ein burde styrka lokalt frivillig kulturarbeid, kuttar 50 % i allmenne kulturtiltak og 30 % på driftstilskot.
 
No ryggar fleirtalet i forhold til kutta. Dei kan umogeleg ha forstått konsekvensen av vedtaket i desember og den politiske leiinga framstiller det på det næraste no som dei ikkje har eigarskap til det dei sette i gong.

lørdag 15. februar 2014

Å stramma inn

Nokon synes å ha oppfatta at det skal strammast inn på bruken av pengar i Øygarden kommune. Det vert skrive slik på ei viss Facebook side, lokalt. Før ein skriv bør folk setja seg inn i kva me snakkar om. Dei innsparte pengane skal gå til investeringar. Store investeringar, så store at det må lånast mykje pengar i tillegg. Frå 2016 vil renter og avdrag på lån auka betydeleg. Det skal og betalast for, frå same pengesekken som no vert "stramma inn".  Det kan ikkje vera mykje innsparing når pengane på det næraste er brukt opp før dei er spart.

Dersom det er "mørke skyar" i horisonten pga regjeringa sin politikk om eigedomsskatt, må pengane setjast på bok i påvente av dei magre åra.